Eigedomsskatt

For skatteåret 2020 skrivast det ut eigedomsskatt i heile kommunen, jamfør eigedomsskattelova (esktl) § 3, første ledd, bokstav a.

Eigedomsskattesatsen for skatteåret 2020 er 7 promille for næringseigedomar, verker og bruk. Skattesats for eigedomar med sjølvstendige bustaddelar og for fritidseigedomar er 4,9 promille.


Klage over fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidligare. Frista for å klage er 09.03.2020.

 

Skatteliste vert  lagt ut til offentleg ettersyn på Servicekontoret og på våre nettsider i 3 veker frå den 22.01.2020.


Skatteliste  - offentlig ettersyn

Skatteliste fritak


Du kan lese meir om eigedomsskatt på denne lenka