Offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon - erstatning


Generelt

Erstatningsordninga skal sikre at landbruksføretak ikkje lir tap fordi dei får pålegg frå det offentlege som eit ledd i å oppnå trygg mat og miljøvennleg produksjon. Du kan få erstatning for

  • produksjonstap av plantar og husdyr
  • saneringstiltak
  • tap i ein pålagt opphaldsperiode
  • produksjonstap ved flytterestriksjonar på bier
  • nedfôringskostnader osb. på grunn av radioaktivitet

Målgruppe

Verksemder innan landbruket som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • er registrerte som meirverdigavgiftspliktige
  • kan levere årsoppgåve som landbruksføretak
  • er husdyreigar

Verksemder som ikkje fell inn under målgruppene over, kan likevel få utbetalt erstatning dersom dei har hatt enn omsetnad på minst 20 000 kroner dei siste tolv månadene før pålegget eller restriksjonen blei gjeven.

Kriterie / Vilkår

 

  • Verksemda skal ikkje ha valda tapet forsettleg eller grovt aktløyst
  • Verksemda har oppfylt varslingsplikta
  • Verksemda har gjennomført pålagte tiltak
  • Tapet ikkje kan dekkjast gjennom ei allmenn forsikringsordning eller på annan måte

Praktiske opplysningar
Veiledning

Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet.

Søknadsfrist

Seks månader etter at pålagte eller frivillige tiltak er gjennomførte.

Søknaden sendast til

Fylkesmannen

Saksbehandlingstid

Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Saksbehandling

Fylkesmannen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Fylkesmannen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.