Karakterar - rett til å klage


Generelt

 Du kan klage på alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Det gjeld

  • standpunktkarakterar
  • eksamenskarakterar
  • karakterar til fag- og sveineprøver og kompetanseprøve 
  • karakter i orden og framferd
     

Du kan òg klage på realkompetansevurdering.

 
Frist for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er ti dagar. Frist for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva og realkompetansevurdering er tre veker. Innafor fristen kan du krevje grunngjeving for karakterar i fag der det blir heldt munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar eller karakter for praktisk eksamen. Du kan ikkje krevje grunngjeving for karakterar til skriftleg eksamen.

Målgruppe

  • Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar (eller den som du har gjeve skriftleg fullmakt)
  • Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett

Kriterie / Vilkår

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.

Anna informasjon

Klage på karakter i orden og oppførsel
Klage på muntlig eksamen
Klage på skriftlig eksamen
Klage på standpunktkarakter

Praktiske opplysningar
Veiledning

Klagen må vere skriftleg. Han må vere underskriven av deg som klagar eller eventuelt av den som du har gjeve fullmakt. Opplys om det vedtaket som du klagar på. Du bør grunngje klagen, men det er ikkje nødvendig om du klagar på ein skriftleg eksamenskarakter. Klagen sender du til den skulen der du er elev. Er du privatist, sender du klagen til den skulen der eksamen blei halden. Klage på fag-/sveineprøve sender du til yrkesopplæringsnemnda i fylket.

Saksbehandlingstid

Skulen/klageinstansen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje blir gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Saksbehandling

Resultatet av klagebehandlinga kan bli at karakteren blir ståande, eller at han blir sett opp eller ned. For munnleg eksamen spesielt gjeld at om du får medhald, skal karakteren annullerast, og du har rett til å gå opp til ny avgangsprøve.