Freda bygningar og anlegg - tilskott


Generelt

Du kan søkje om tilskott dersom det oppstår meirkostnader i samband med vedlikehald av freda bygning på grunn av krav til materialtype og framgangsmåte i fredingsvedtaket.

Riksantikvaren kan frede bygningar og anlegg frå nyare tid som har kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Dette tyder at ein ikkje kan gjere inngrep eller endringar i bygningen eller anlegget. Normalt vedlikehald som å måle bygningen, kan du gjere, men du kan ikkje gjere endringar som å rive, flytte, byggje på eller endre materialar eller fargar.

Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.

Kriterie / Vilkår

Det vil bli gjort ein fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og kva tiltaket vil ha å seie i samband med målet med tilskottsordninga. Er du eigar og får dispensasjon frå vedtak om freding som samtidig set vilkår som gjer arbeidet dyrare, skal du ha heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauken. Elles blir dette prioritert:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • mellombels sikring av freda bygg og anlegg som er i forfall
  • tiltak som sikrar bygg og anlegg som det er få av

Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som skal sendast dit.

Riksantikvaren, fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond

Anna informasjon

Kulturminnefondet
Riksantikvaren

Praktiske opplysningar
Veiledning

Ta kontakt med fylkeskommunen/Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga eller om kor du skal sende søknaden.

Søknadsfrist

Fylkeskommunen kan gje opplysning om søknadsfristen. Norsk kulturminnefond har to søknadsrundar i året. Søknadsfristen er 01.02. og 01.09.

Søknaden sendast til

Søknad skal sendast til fylkeskommunen, som gjer ei vurdering og prioritering før søknaden eventuelt blir send vidare til Riksantikvaren. Ein kan òg sende søknad til Norsk kulturminnefond.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to månader etter søknadsfristen.

Saksbehandling

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som er behandla i fylkeskommunen. Før klagen går dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.