Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
     

Tenester frå A til Å

Bustadtilskott til etablering


Generelt

Du kan søkje om tilskott til etablering dersom du har dårleg økonomi og treng hjelp til å skaffe deg ein nøktern og eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd. I spesielle tilfelle kan tilskottet òg brukast til refinansiering for å kunne behalde bustaden, gjerne i kombinasjon med startlån.

Målgruppe

  • Personar med nedsett funksjonsevne
  • Flyktningar
  • Sosialt vanskelegstilte

Kriterie / Vilkår

Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.

Praktiske opplysningar
Veiledning

Du kan søkje elektronisk (sjå lenkja under) eller skrivast på skjema HB 7.S.13. Blanketten får du frå kommunen eller frå lenkja under.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.

Kontaktinformasjon
Besøksadresse
Saulandsvegen 414 3692 SAULAND
Åpningstid
Vinter 07:45-15:45 Sommar 07:45-15:15