Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor

Tenester frå A til Å

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)


Generelt

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Tilskot kan gå til
  • prosjektplanlegging
  • tiltak som varetek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • tiltak som hjelper til å hindre eller redusere forureining.

Målgruppe

Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.

Kriterie / Vilkår

Landbrukseigedomen må ha ein produksjon som er godkjent for tilskot.

  • Vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot (§§ 2, 3 eller 4) må vere oppfylt.
  • Vilkåra i forskrift om gjødselsplanlegging må vere oppfylt.
  • Det skal førast journal over plantevernmiddel som blir brukt.
  • Det må leggjast fram eit kart over dei disponible areala for jordbruk, men også areal med kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald eller miljøvern.

Kommunen disponerer ei årleg tilskottsramme frå Fylkesmannen.

Praktiske opplysningar
Veiledning

Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.
Her er ein liten film som viser korleis du fyller inn det elektroniske skjemaet: Instruksjonsfilm for søkjar.
Alle brev som gjeld søknaden vil bli send til innboksen din i Altinn.

Saksbehandlingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan én månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Saksbehandling

Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innafor tiltaksstrategien til kommunen. Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Fylkesmannen.

Oppdatert dato:  24.05.2016

Kontaktinformasjon
Maria  Fremmerlid
Samfunnsutviklar jord/plan
Telefon: 35 02 80 43/408 04 130
Faks: 35 02 80 01
Send e-post
Besøksadresse
Saulandsvegen 414 3692 SAULAND
Åpningstid
Vinter 07:45-15:45 Sommar 07:45-15:15