Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor

Tenester frå A til Å

Grunnlån


Generelt

Alle kan søkje Husbanken om grunnlån til oppføring av ny bustad. Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og miljø. Det vil seie at huset du ønskjer å byggje, mellom anna

  • må vere lagt til rette for livsløpsstandard
  • ha redusert energibehov
  • bestå av miljøvennlege materialar

I somme distrikt kan ein i nokre tilfelle vike frå kvalitetskrava.

Målgruppe

Alle, uavhengig av inntekt og situasjon elles

Pris

Lånet følgjer rentevilkåra i Husbanken.

Kriterie / Vilkår

Husbanken reknar med at du har økonomisk evne til å betene lånet og at du kan dokumentere det. Husbankfinansiering skal vere retta inn mot rimelege kvalitetsbustader og gjeld ikkje dei dyraste bustadene.

NAV Hjartdal

Anna informasjon

Om det å bo i Norge - på ti ulike språk
Søknad og saksgang
Veileder for Husbankens grunnlån
Grunnlån - ofte stilte spørsmål

Praktiske opplysningar
Veiledning

Ta kontakt med regionkontoret i Husbankens så tidleg som mogleg og gjerne før du sender søknaden. Bruk søknadsskjemaet (sjå lenkja under) og fyll det ut i to eksemplar.

Søknaden sendast til

Søknaden sender du til regionkontoret i Husbanken .

Saksbehandling

I vurderinga vil det bli lagt vekt på lokale kostnads- og marknadsforhold, kvalitet og brukargruppe. Husbanken tilbyr samarbeid tidleg i prosjekteringsfasen for å avklare kvalitet og pris.

Klagemulighet

Det er høve til å klage på Husbanken sitt vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån eller tilskott. Klagen må vere skriftleg og sendast til det kontoret som har gjort vedtaket. Klagen må grunngjevast. Før opp kva du klager over og kva for endring du ønskjer. Klagefristen er tre veker frå du har tatt imot vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, sendast han til ei uavhengig klagenemnd som er oppnemnd for husbanksaker.

Kontaktinformasjon
Besøksadresse
Saulandsvegen 414 3692 SAULAND
Åpningstid
Vinter 07:30-15:30 Sommar 07:30-15:00