Hjartdal kommune
Framside / Fritidsinnbyggjar

Fritidsinnbyggjar

Som fritidsinnbyggjar i Hjartdal er du ein velkomen ressurs for vår kommune.

Denne sida vil spesielt vere retta mot deg som har delar av tida di her.Om det er som hytteeigar eller innehavar av anna fritidseigedom,turist på kort- eller langferie, eller utflutt som er "heime" på besøk.

På reiselivssidene til kommunen kan du finna mykje info om attraksjonar og aktivitetar, overnatting og servering.

Vi tar gjerne imot forslag på info de synest ville vere interessant å ha på denne sida.

Send ein e-post til postmottak@hjartdal.kommune.no

 

Adresseendring eller eigedomsoverdraging.

Frå tid til anna har kommunen informasjon ut til hytteeigarar og andre med eigedom i kommunen, som enn så lenge, må gå med post.
Som grunnlag for slik utsending, nyttast det adresseregisteret vi har inn i vår base.
For at informasjon skal nå fram i rett tid, er det viktig at det blir sendt melding også til kommunen når eigedomar/hytter skiftar eigar, eller når eigar
flytter til anna adresse.

Som ei hjelp ved slike tilfelle, kan denne lenka nyttast.

Sist oppdatert 18.05.2009