Flytte til Hjartdal
Trygt og godt oppvekstmiljø, gode skular og full barnehagedekking og SFO er eit heilt grunnleggjande ønskje og behov hos dei fleste. Vi er stolte over at vi kan tilby nett det.
Det er trygt å byrje i fyrste klasse, anten det er i Tuddal, Hjartdal eller Sauland skule. Felles ungdomsskule ligg i Sauland. Godt skulemiljø og høg kvalitet er noko som gjer at barn og ungdom trivst på skulen. Vidaregåande skular med god bussforbindelse finnast på Notodden, i Rjukan og i Seljord. Høgskulen i Telemark avd. Notodden har mange moglegheitar.
Det er dagligvareforretning i alle tre bygdene, bensinpumper og byggevare i Sauland og Tuddal, og butikk med husflid og gaver i Tuddal. I Sauland er det m.a. bank, frisør og tannlege og det lokale lensmannskontoret har opent to dagar i veka. Det finnast også fleire spisestader/catering i kommunen, Tuddal Høyfjellshotel, og Norbø Pensjonat. Til Oslo køyrer du på ca. 2,5 timar. Avstanden frå Sauland til Notodden er ca. 20-40 km, avhengig av kvar i kommunen du bur. TIMEkspressen (buss) frå Notodden til Oslo har avgang kvar time.
Meiningsfull fritid for liten og stor
Kommunen har mange flotte idrettsanlegg. I Sauland og Hjartdal er det fotballbane med grasdekke og i Tuddal har dei den største typen ballbinge på 20 x 40 meter med kunstgras. I Hjartdal ligg Bjødrebakken kor du kan hoppe 40 meter om du vil! Alle bygdene har lysløype, og dei er flittig bruka av dei lokale idrettslaga og turgåarar. Aktivitetane varierar frå bygd til bygd, men vi kan nemne nokre som ski, fotball, bryting, barneidrett, Røde Kors, ungdomsklubb, sangkor, revy, helselag, ,bygdekvinnelag, husflidslag og kulturskule og m.m.
For den som likar å fiske, er det gode moglegheitar både sommar og vinter. Det er vakker natur og mange tilrettelagde turstiar og skiløyper for den som ønskjer det. Gaustatoppen er kommunens mest kjende fjell som er eit mål for både innbyggjarar og turistar. Det er opp til kvar enkelt å bruke det me kan by deg, anten det er turstiar, sykkelmoglegheitar, skiløyper, fiske eller ein eller annan form for idrett. Vil du spele håndball er det fleire som dreg til Notodden som ligg 20 til 40 minutter unna.
Arbeid er sjølvsagt, uansett kor ein bur. Ingen kan leva av berre frisk luft og vakker natur!
Hjartdal kommune har mange arbeidsplassar. Kommunesenteret ligg i Sauland og her ligg også kommunehuset og sjukeheimen. Det er stadig behov for pleiepersonell og vikarar i diverse verksemder. Har du tenkt på kor lang tid det kan ta med t-banen eller i kø med bilen frå heim til jobb i Oslo? Den tida kan nyttas til effektiv og køfri kjøyring til jobb. Her er det gode moglegheitar til å pendle til dømes til Notodden, Kongsberg eller Seljord, i alt fra 20 til 40 minuttar unna. Hjartdal kommune kan by på mange flotte tilbod, og saman med dei omkringliggjande kommunane vert tilbodet breitt og allsidig.
Det er nok av plass og byggeklare tomter i heile kommunen.
Det er alltid ei utfordring å flytte til ein ny stad.
Om du ønskjer det, kan du få personleg svar på spørsmål ved å vende deg til:
Rådmann : rune.engehult@hjartdal.kommune.no / Telefon 35 02 80 11.
Avtal tid for personleg møte.
DERSOM DU SOM NÆRINGSDRIVANDE ELLER LAG/FORENING YNSKJER Å HA LINK HER TIL EIGNE NETTSIDER, KAN DU SENDE OSS EIN E-POST TIL postmottak@hjartdal.kommune.no
Sist oppdatert 04.06.2010