Ordfører Bengt Halvard Odden (AP)

Bengt Halvard Odden er Hjartdal kommune sin ordførar i perioden 2015 – 2019. Ordføraren veljast av kommunestyret for fire år og leiar møta i kommunestyret og formannskap.

Ordførar er det høgaste tillitsvervet i ein kommune. Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet, der dei folkevalde fattar vedtak i fellesskap. Ordføraren har ikkje mynde til, på eige hand, å fatte vedtak på vegne av kommunen. Unntaket er i mindre saker som ikkje er av prinsipiell karakter, om kommunestyret har gjeve mynde til dette.

I det daglege arbeidet har ordføraren, på vegne av dei folkevalde, tett kontakt med rådmannen som er kommunens administrative leiar. Ordføraren representerer kommunen ved offisielle besøk, har kontakt med innbyggjarar, foreiningar og næringsliv og er ofte kommunens ansikt utad.

Kontaktinformasjon:

E-post: bengt.halvard.odden@hjartdal.kommune.no
Mobiltelefon: (+47)  924 89 620


Sist Oppdatert:  19.03.2018 16:40  Skriv ut
Test alternativ tekst

Ordførarkjedet i Hjartdal kommune

Ordførarkjedet vart gjett som ei gåve til Hjartdal kommune 17.mai 2012.
Kjedet er produsert av selskapet TG.Design ved Truls Grønvold (www.tgdesign.no)

Ordførarkjedet i Hjartdal er bygd opp med kommunevåpenet, hjort på grøn bakgrunn, som hovudelement. Sjølve kjedet er bygd opp med seks ulike motiv som på ulikt vis synar kjende element i Hjartdal kommune. Øvst på kjedet finst den logoen Hjartdal og Gransherad sparebank hadde på gåvetidspunktet –eit utsnitt frå den norske krona.

Omnesfossen / Heddal mølle
Omnesfossen er sjølve inngangsporten til Hjartdal kommune når du kjem langs E-134 frå Notodden. Både som turist og som lokalt fastbuande må ein bli fasinert når vatnet i vårflaumen kastar seg nedover fossen med tilhøyrande bruer og bygningar omkring. Omnesfossen er med sine tre fossefall eit landemerke i vårt område – ein turistattraksjon og ei naturperle. Mange har bruka Omnesfossen som badeplass og dei dristigaste har prøva ut dei naturlege skliene som vatnet har danna. Historisk har dette området vore eit viktig handel- og industrisenter for Sauland. Her var sagbruk, spinneri, butikk, skule og bustader. Heddal mølle, som er vår kommune sin tusenårsstad, er restar etter dette. Omnesfossen har på mange måtar vore eit kraftsenter i vårt område. Kanskje det framleis vil bli det?

Telemarkskyra
vakker og høgt verdsett, og den eldste godkjente ferase i landet (150 år i 2006). telemarkskyra er smålåten og får mykje ut av lite, godt tilpassa fjellbygdene, sta og stridig, men også nysgjerrig og intelligent. Viktig kulturlandskapspleier med gode beiteegenskapar. Vi syntes ho høyrde til i kjedet som eit stolt symbol og uttrykk for den hårfine balansen som menneske, dyr og natur har opparbeidd seg gjennom tidene og eit uttrykk for dei verdiane og tenkjemåtane, som gjorde at folk kunne livnære seg i fjellbygdene våre.

Hardingfela
hardingfela har betydd mykje i det folkelege kulturuttrykket i Hjartdalsbygdene, og i særleg grad Tuddal. Sjølve juvelen i norsk folkemusikk, karakteristisk med flott dekor og utruleg vakker klang. Representerer lange handverkstradisjonar, som er uløyseleg knytt til folekulturen. I Hjartdal kommune har vi hatt mange dyktige felemakarar og fleire nasjonalt kjende felespelarar. Eit uttrykk for for kvalitetshandverket som har prega bygdene våre, og det vakre og estetiske i dei gamle handverkstradisjonane.

Systermarihand (Dactylorhiza sambucina)
Orkideen er Telemark sin fylkesblom. Systermarihand er ein raudlista (utrydningstruga og freda) orkidè, men som vi finn forholdsvis store mengde av på gamle slåtteenger i Hjartdal og Svartdal. Sjølve planta finst i to formar, gul og raud, men her i Noreg har vi berre den gule arten. Planta kan bli veldig gamal, men er svært kravstor. Ho lever i samspel (symbiose) med ein spesiell type sopp i jorda, tåleg dårleg med tråkk og beite om våren, er avhengig av krysspollinering med genetisk ulike planter i mellom, samt frøsetting ved hjelp av bestemte insekt. I overført meining kan ein kanskje si at dersom ein ynskjer eit variert mangfaldig samfunn, må ein nok godta at nokon er meir sære enn andre.
Loft / Stabbur («ondebur og loft» - sa dei i Tuddal)
Fine bur og loft høyrer liksom til i Hjartdal, glir inn i landskapet under fjell og bratte nuter i bygdene våre- I desse husa kan vi sjå det ypparste av tømmermannskunst, treskurd og smedkunst. Bygningsteknisk løyst på ein framifrå måte. God ventilasjon, mørke, svale rom og eit bur av rette slaget var til og med musefritt, og dermed ein viktig lagringsplass både for mat og klede. Stabburet var hjartdølens skattekammer og høyrer naturleg med i eit ordførarkjede.

Ljåen og riva
Ljåen og riva symboliserer på ein god måte småbruket i bygdene våre. Begge er viktige reiskap ved innhausting av vinterfòr. I våre tre bygder med små åkerlappar, husmannsplassar, stulsvollar og skrinne enger innimellom bergsskorter, har ljåen og riva vore praktiske og nødvendige reiskap. Riva har tradisjonelt vore eit typisk kvinnereiskap og vi skal ikkje gløyme innsatsen til kvinnene i og for bygdene våre. Både ljåen og riva finn vi att på primstaven. 10.juli, Knutsmesse, symboliserer at slotteonna skulle ta til. På minnesmerket om Bondeopprøret som står ved Hjartdal kyrkje, finn vi att ljåen, med da bruka med eit anna føremål. I meir moderne tid har Slåttefestivalen I Hjartdal vore eit viktig arrangement for å halde på slåttetradisjonen, men òg for å setje Hjartdal på kartet. Det er viktig med møteplassar og fellesopplevingar om ein vil halde oppe eit levedyktig lokalsamfunn.


Sist Oppdatert:  19.03.2018 17:29  Skriv ut