Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Tenester frå A til Å

Sjukeheim - korttidsopphald


Generelt

 

Du kan søkje om korttidsopphald på sjukeheim dersom du til dømes treng opptrening etter sjukdom eller nærmare utgreiing. Ein skil mellom tre typar av korttidsopphald:

  • døgnopphald (minst 24 timar)
  • dagopphald
  • nattopphald

Pris

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i ein statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).

Betaling for opphald er kr. 121,- dei fyrste 60 døgn.

Praktiske opplysningar
Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald i sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkomande ha fullmakt.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lar kommunen vedtaket bli ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.