Tenester frå A til Å
Individuell plan - koordinering av helse- og/eller sosialtenester
Generelt
Du har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet. Planen skal sikre at det til kvar tid er nokon som har ansvaret for koordinering og oppfølging. Vi oppfordrar deg som brukar til å delta aktivt med å forklare dei behova du har for tenester og kva ynske og mål du har.
Målgruppe
-
Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester
-
Personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor
Har du behov for tenester både frå kommunen og fra spesialisthelsetenesta (staten), har desse plikt til å samarbeide om å utarbeide planen.
Anna informasjonIndividuell plan og koordinator - brosjyre
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Tipshefte om individuell plan
Håndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen
helsenorge.no - individuell plan
Praktiske opplysningarVeiledning
Du eller dine pårørande kan ta initiativ til å få laga ein individuell plan, men hovudansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagemulighet
Høvet til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå avsnittet om lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.
Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.