Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Tenester frå A til Å

Innsynsrett i offentlege dokument


Generelt

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.

Du kan bli nektas innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ
  • Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslmyndigheit for saka dokumentet gjeld

Pris

Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Da kan det krevjast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.

Kriterie / Vilkår

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.

Praktiske opplysningar
Veiledning

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestille, kan du krevje innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.

Saksbehandlingstid

Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan 1-3 virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar fra kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

Klagemulighet

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag.

Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknytting til klagebehandlinga kan Fylkesmannen også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

 
Kontaktinformasjon
Anne  Haugan
Konsulent
Telefon: 35 02 80 06
Send e-post
Ingrid  Sletta Olsen
Konsulent
Telefon: 35 02 80 05
Send e-post
Ingebjørg  Landsverk
Konsulent
Telefon: 35 02 80 00
Send e-post
Besøksadresse
3692 SAULAND
Åpningstid
15.09.-14.05: kl. 07.30-15.30 15.05.-14.09: kl. 07.30-15.00