Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Tenester frå A til Å

Oppmålingsforretning


Generelt

Oppmålingsforretning kan gå ut på å 

  • klarleggje og forklare grenser og rettar som er knytt til fast eigedom (matrikkeleining)
  • merkje og måle eksisterande grenser i marka i samsvar med påstandar frå partane og framlagde dokument
  • skaffe fram alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre det offisielle registeret i landet over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld at du først må ha løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova før eininga kan opprettast i matrikkelen. 
  • merkje og måle nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova

Målgruppe

  • Eigedomseigarar (personar som har grunnboksheimel til ein eigedom)
  • Personar som har festa grunn for meir enn ti år
  • Personar som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste

Pris

Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet. Dersom kommunen oversit fristen for behandling av saka, skal gebyret avkortast med ein tredel. Blir fristen oversete med ytterlegare to månader, skal gebyret avkortast med ytterlegare ein tredel.

Gebyr etter plan og bygningsloven 2013

Kriterie / Vilkår

Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal

  • opprette ny matrikkeleining ved frådeling
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
  • opprette eksklusiv bruksrett til ubygt uteareal til ein eigarseksjon (t.d. hageareal eller parkeringsplass)
  • registrere eksisterande matrikkeleining (umatrikulert grunn)
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved arealoverføring eller grensejustering
  • måle og merkje eksisterande grense på nytt
  • setje ned grensemerke som er blitt burte

Oppmålingsforretning må vere utført før det kan opprettast grunnboksblad for nye matrikkeleiningar.

Praktiske opplysningar
Veiledning

Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna

  • kva som blir rekvirert (klarlegging av eksisterande grense, grensejustering, arealoverføring osb.)
  • eigar- og festetilhøve
  • grenser og naboeigedommar vist på kart

Saksbehandlingstid

Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker.

Saksbehandling

Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravt forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Klagemulighet

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.