Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Tenester frå A til Å

Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon


Generelt

Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta. Kommunen behandlar og godkjenner søknad om

  • dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
  • dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

Målgruppe

Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje

Kriterie / Vilkår

Byggjegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggjesøknad, blir han behandla i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er

  • kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingar
  • behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegformål

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

 
Kontaktinformasjon
Besøksadresse
3692 SAULAND
Åpningstid
15.09.-14.05: kl. 07.30-15.30 15.05.-14.09: kl. 07.30-15.00