Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Tenester frå A til Å

Allemannsretten


Generelt

Allemannsretten tyder at du har rett til å ferdast fritt i skogen, på fjellet og langs kysten. Alle skal ha høve til å drive eit aktivt friluftsliv, samstundes som ein skal ta omsyn til grunneigaren. Derfor er det avgrensingar i denne retten, slik at ingen blir skadelidande.  

Du kan ferdast til fots i utmark heile året. I innmark (som til dømes gardsplass, inngjerda hage og dyrka mark) er retten avgrensa (sjå feltet Kriterium/vilkår). Uansett skal alle som oppheld seg på grunnen til ein annan person eller på sjøen utanfor, opptre omsynsfullt og ikkje gjere noko som kan vere til skade for naturen eller til ulempe for eigaren eller andre. I motsett fall har eigaren rett til å vise bort folk. Men eigaren har ikkje høve til å setje opp skilt eller liknande for å gjere det vanskeleg å ferdast på område der du har rett til å ferdast fritt.

Kriterie / Vilkår

  • Du kan ferdast til fots i innmark (dette gjeld ikkje gardsplass, inngjerda hage og liknande) når marka er frosen eller snølagd, men ikkje i perioden 30. april til 14. oktober
  • Du kan bade frå ei strand i utmark eller frå båt når det skjer i rimeleg avstand frå hus eller hytte som nokon bur i
  • Du kan dra i land ein båt på ei strand i utmark i ei kortare tid, men ikkje nytte kai eller brygge utan løyve frå eigaren
  • Du kan ikkje raste eller overnatte i innmark utan at du har samtykke frå eigaren 
  • Du kan raste og overnatte i telt i utmark, men berre to døger om gongen, utan samtykke frå eigaren, og ikkje nærare hus eller hytte som nokon bur i, enn 150 meter (så sant du ikkje er på høgfjellet eller langt frå busetnader)

Miljøverndepartementet kan utferde forskrift som gjer unntak frå 150-meterskravet.

 
Kontaktinformasjon
Harald  Helliksen
Skogbrukssjef
Telefon: 35 02 80 46
Faks: 35 02 80 01
Send e-post
Besøksadresse
3692 SAULAND
Åpningstid
15.09.-14.05: kl. 07.30-15.30 15.05.-14.09: kl. 07.30-15.00