Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Tenester frå A til Å

Grensejustering


Generelt

Ei grensejustering vil seie at det kan overførast mindre areal mellom to matrikkeleiningar (eigedommar) som har felles eksisterande grense. For overføring av større område, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at ein held ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagde og beskrivne.

Målgruppe

Personar som kan krevje grensejustering (rekvirentar), er mellom anna grunneigarar (sjå òg matrikkellova § 9).

Pris

Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet.

Kriterie / Vilkår

Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 %, men maksimalt 500 kvadratmeter. For anleggseigedom gjeld spesielt at volumet kan aukast eller reduserast med maksimalt 1000 kubikkmeter. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa, da blir det arealoverføring. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda).

Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.

Anna informasjon

Kontaktinformasjon til brukerstøtte
Statens kartverk

Praktiske opplysningar
Veiledning

Krav (rekvisisjon) om grensejustering skal skje skriftleg. Sjå nedanfor kva for vedlegg som skal følgje med.

Saksbehandlingstid

Når krav om grensejustering er motteke, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.

Saksbehandling

Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med grensejustering. Det blir utferda eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.

Klagemulighet

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på grensejusteringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lèt avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.