Hjartdal kommune
Framside / Fakta om Hjartdal

Fakta om Hjartdal

 

Folketal: Ca 1600
Areal: Ca 800 km2
Adresse: 3692 SAULAND
Tlf.:   35 02 80 00
Fax:  35 02 80 01
Mail: postmottak@hjartdal.kommune.no

Lokal værmelding (yr.no)   Fakta frå SSB

Ordførar: Olav Tho (SP)
Rådmann: Rune Engehult

 Kart over Telemark med Hjartdal i sentrum

Hjartdal er ein fjell- og landbrukskommune med spreidd busetnad – og stor satsing på turisme, hyttebygging, jakt og fiske. Her er mykje skog og fjell og eit sermerkt kulturlandskap; over 200 km2 er med i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Opplevingstilboda spenner frå overnatting og servering i gamle bygningar til bygdetradisjonar innan lokalhistorie, folkemusikk, tradisjonshandverk, utmarkstilbod og friluftsliv. "Fjellvegen over Gaustatoppen" frå Sauland til Rjukan er alternativet for den som vil oppleve Tuddal og Bondal – og kanskje gå turen opp til Gaustatoppen ( 1883 m.o.h.).

Kart med avstander

Tenestetilboda innan helse og omsorg og oppvekst er gode; det er m.a. skuletilbod og barnehagetilbod i alle tre bygdene. Kommunen har meir enn 50 lag og foreiningar, og aktiviteten er stor både sommar og vinter. I alle bygdene finn ein fotballbane, lysløype og hoppbakkar.
Fleire opplysningar om attraksjonar, historie, arrangement m.v. finn du ved å klikke på linkar på heimesida, eller du kan ringe servicekontoret i kommunen – tlf.: 35 02 80 00

Sist oppdatert 03.04.2010