Utmark vilt og fiske
Hjartdal kommune skal arbeide for å fremme ei berekraftig forvaltning av vilt- og fiskeressursane i kommunen. Vidare skal kommunen gjeva forvaltning, organisasjonar, verksemder og personar rettleiing og råd i saker om vilt- og fiskeforvaltning.
Viktige oppgåver:
- Fellingsløyve for hjortevilt
- Rapportering av jaktstatistikk
- Organisering av ettersøk etter skada vilt
- Godkjenning av vald/jaktlag
- Søknad om tilskot frå det kommunale viltfondet (blir annonsert i lokalavisa kvar vår)
- Søknad om tilskot frå det kommunale fiskefondet
- Arbeide for ei betre organisering av fiske- og jaktressursane
Viltforvaltning:
Telefon til ettersøksjegarar:
Ettersøksjegarane kan kontaktast i samband med påkøyring av vilt og i samband med skadeskyting under jakt:
| Område: |
Namn: |
Mobil: |
| Tuddal/Bondal |
Torstein Evensen |
99649307 |
| Tuddal/Bondal |
Kåre Karlberg |
99606020 |
| Sauland |
Halvor T. Mosebø |
99159712 |
| Hjartdal |
Svein Våle |
47350988 |
Dersom ein ikkje får kontakt her, kan ein på dagtid ringe kommunen sitt sentralbord 35028000.
Småviltjakt:
Det er ikkje noko organisering av småviltjakt. Ein må kontakte aktuelle grunneigarar/utmarkslag for leige av jaktterreng.
Jakttider:
Dersom ein vil sjå meir på dette går ein inn på dei lokale forskriftene som gjeld i den aktuelle kommunen. Du kan klikke her til forskrifta på Lovdata. Alle som skal jakte i Noreg må ha eit gyldig jegeravgiftsskort. Jegeravgiftskortet kan også brukast som dokumentasjon overfor politiet på at du er registrert jeger ved våpenkjøp. Du kan lesa meir om dette her.
Fiskekort:
Fiskekort kan kjøpast lokalt i bygdene og då er det lov å fiske i mange av vatna i Hjartdal kommune. I Tuddal er det fiskekort til sals på Joker Tuddal Varesenter, Bøen gatekjøkken og Hogstul Hytter. I Bondal sel dei fiskekort som gjeld heile året i nokre vatn i området. Sjå tavla på Reisjåbrekka eller klikk her for link til Reisjå og Bondal utmarkslag. I Hjartdal får du kjøpt fiskekort på Bygdesentralen. Kart over kor korta gjeld får du på utsalsstadene.
Linkar til viktige lovar og forskrifter:
Sist oppdatert 26.08.2010