Hjartdal kommune
Framside / Tenester / Næring og utvikling / Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde

Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde

Brattefjell-Vindeggen er eit samanhengande fjellområde som ligg sud for Møsvatn/Rjukan, vest for Gaustatoppen, nord for Hjartdal og aust for Rauland.

Gjennom mange hundre år har forfedrene våre nytta dette området til jakt, fangst og fiske, beiteområde og staulesdrift.
Opprinneleg er området ei landtunge av Hardangervidda som villreinen ofte trakk til når det var mange dyr på vidda. At villreinen fyrst har kome inn i området no i dei seinare åra er ei myte.

I 2000 blei Brattefjell-Vindeggen (BV) verna som landskapsvern-område med dyrelivsfredning.
Kommunane Seljord, Vinje, Tinn og Hjartdal fekk etter søknad forvaltningsmynde i området hausten 2004.
 
I nært samarbeid med grunneigarane er det no sett i gong eit arbeide med å utabeide ein lokal forvaltningsplan for BV.
Målet er å sikre lik og heilskapleg forvaltning på tvers av kommunegrensene, der ein samordnar bruk og vern i tråd med kommunale og nasjonale mål. Det er lagt opp til ein brei folkeleg deltaking i prosessen og eit tiltaksretta sluttprodukt.
 
All tilrettelegging skal i tråd med Stortingets nye innstilling (nr. 260) basere seg på god kunnskap om natur- og kulturverdiar. Det leggast opp til at desse ressursane skal gje grunnlag for sysselsetting og verdiskaping i fjellbygdene.
 
  • Forskrift om vern av Brattefjell-Vindeggen som landskapsvernområde med dyrelivsfreding, Hjartdal, Seljord, Tinn og Vinje kommunar, Telemark finn du her.
  • Les framlegg til forvaltningsplan for Brattefjell-Vindeggen kan du lesa om her.

Sist oppdatert 20.01.2009