Kultur og oppvekst
Kultur og oppvekst har ansvar for kompetanseutvikling og arbeidsmiljø. Kontora finn du i 1. høgda i kommunehuset. Alle saker som gjeld barnehagane, grunnskulen og vaksenopplæringa sorterar under etatskontoret. Vidare tek vi oss av bibliotek, ungdomsklubbar, støttar allment kulturarbeid, idretten m.v.
Linkar:
Utvalet for kultur og oppvekst tek seg av saker innan skule, kultur og oppvekst. Utvalet er styret for dei skulane kommunen driv (barneskulane / ungdomskulen) og ser til at skulen blir styrd i samsvar med gjeldande lover og føresegner og kommunale vedtak.
Utvalet har m.a. til oppgåve å sjå til at skulen er på høgd med dei krav som gjeld til ei kvar tid.
Utvalet har òg ansvaret for den vaksenopplæringa som er på grunnskulens område. I praksis vil det seie at vaksne utan ungdomskule og/eller mangelfull grunnskule, funksjonshemma og flyktningar har krav på eit tilbod (gratis), vanlegvis lagt til kveldstid.
Utvalet rår også med barnehagesaker. Det har ansvaret for utbyggjing og drift av barnehagesektoren., og elles syte for at barnehagane blir drevne etter gjeldande lover, føresegner og kommunale vedtak.
Medlemmene i utvalet står på sida med folkevalde.
Kontakt oss:
Sist oppdatert 03.11.2009