Legevakt
På dagtid vert behov for øyeblikkeleg hjelp (dag- legevakt) i Hjartdal kommune dekka av Hjartdal helsekontor – dvs legekontoret i Sauland.
Telefon: 81 56 80 94 Åpen kvardagar: 15:30-08:00 Helg/helgedagar: døgnåpent | <><>
Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiar som tek imot henvendelsar, fortrinnsvis per telefon, gjer råd og ved behov avtaler tid for konsultasjon med legevaktlegen. Legen er ikkje til ei kvar tid tilstades på legevakta. Henvendelsar vil bli prioritert ut i frå vurdert hastegrad.
Kva skal eg gjere når eg er akutt dårleg
- Ring til eigen lege og be om hjelp. Alle legekontor har eige telefonnummer for øyeblikkelig hjelp i tidsrommet 08 - 15.30. - 35 02 80 90.
- Ring legevakta på telefonnummer: 815 68 094 hvis du blir sjuk i tidsrommet 15.30 – 08.00 og i helgene.
- Ring 113, eller dra direkte på sykehuset dersom du blir kritisk sjuk.
Sist oppdatert 20.10.2009