Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Rådmannen

Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar.

 

Han skal vareta det samla ansvar for at kommunen sin drift er i samsvar med lover, avtaler og politiske vedtak og skal sjå til at drifta skjer innafor dei økonomiske rammene som ligg i kommunestyret sitt budsjettvedtak.

Det er også rådmannen som på vegne av kommunestyret varetar det daglege arbeidsgjevaransvaret for dei tilsatte.

Rådmannen skal vidare sørge for at alle saker som fremmast til politisk handsaming, er tilstrekkeleg utreda slik at dei politiske vedtaka er basert på objektive fakta og saklege vurderinger. Når dei politiske organa har treft sine vedtak, er rådmannen ansvarleg for å verksette dei.

Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet.

Kommunestyret kan gi rådmannen mynde til å treffe vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikkje er prinsipielle.

Rune Engehult har hatt stillinga som rådmann i Hjartdal sidan 6. april 2010.


 

Kontakt oss:

Leiar: Rune Engehult
Telefon:  35 02 80 11
Mobil: 95 98 00 59
E-post: rune.engehult@hjartdal.kommune.no

Publisert:
28.01.2011
Skriv ut