Jordsmonnet i dalbotn av Sauland og Hjartdal er ei blanding av mold og leire med sand øvst, medan grunnen er sand og elvemorene. Det meste av jorda i Hjartdal og Tuddal er steinut morenejord. Dette er og typisk inne på høgfjellet. Geologien elles er kvartsitt og gneis med ein god del kalkrike og skifrige bergarter spesielt på vestsida av Hjartdal og delar av Tuddal og Bondal.
- Hjartdal har ei kubikkmasse på 1,6 mill. m3.
Skogen i Hjartdal produserer kvart år ca. 40.000 m3 tømmer til ein salsverdi på ca. 12 mill. kroner i 1994.
Skogen er viktig for ein gard. Den gjev sysselsetjing og kapital både på og utanom bruket, og er med på å sikre busetnaden i distrikta og skape levande bygder. Skogen er frå gammalt av rekna som bondens ryggstø.
Dei siste åra har det i Hjartdalsskogane i gjennomsnitt vore hogge ca. 30.000 m3 i året. Skogbruket i Hjartdal representerer ca. 40 årsverk. I tillegg kjem sysselsetjing innan vidareforedling og transport. Dersom hogstkvantummet aukast med 10.000 m3 i året, vil det bety ei auke i sysselsetjinga med ca. 12-13 årsverk.
Bortsett frå ein del mindre sagbruk og 2 trevareverksemder, er det lite av industri i Hjartdal.
Årleg blir det lagt ut til forynging ca. 1.600 da. Dette er 0,8 % av skogarealet i kommunen. Kvart år blir det planta til etter hogst ca. 900 da. Rydding av ungskog ca. 1.800 da, og vegbygging ca. 10 km. Alt dette til ei årleg investering på ca. 2 mill.
SKOGBRUKSLOVA
Lova gjev skogeigaren rett og plikt til å nytte og ta vare på sine skogressursar. Lova gjev skogeigaren pålegg om å taka omsyn til skogen som rekreasjonskjelde for menneske, og som leveområde for planter og dyr.
Skogeigaren er gjennom lova pålagt å få opp ny skog etter hogst.
Den del av skogen som ligg høgt opp mot fjellet og har vanskelege livsvilkår, kallar vi verneskog. I Hjartdal er det ca. 45.000 da verneskog. Skogsdrift i vemeskog er pålagt meldeplikt til skogbruksstyresmaktene. Det er kommunen ved skogbrukssjefen som er skogbruksstyresmakt i Hjartdal og som forvaltar skogbrukslova. Dei fleste skogeigarane i kommunen er organisert i skogeigarlag. Laget er tilslutta AT Skog som har tilsett eigen skogbruksleiar for Hjartdal distrikt.
FLEIRBRUK
Skogen har mange brukargrupper. Mennesket brukar skogen til friluftsliv, sport, jakt, fiske, tømmerproduksjon, beite for husdyr og mykje anna. Dessutan er skogen eit økologisk system med eit stort antal planter og dyr. Skogen er og ein viktig del av det landskapet vi lever i. Som eit levande økosystem er skogen heile tida i utvikling, uavhengig av dei aktivitetane som skogbruket driv på med. Det er viktig å drive skogbruk på ein slik måte at ein mest mogleg spelar på lag med naturen og dei andre brukarane av skogen. Fleirsidig skogbruk er ein måte å drive skogbruk på som er tilpassa friluftsliv, natur og miljø.
MILJØ
Skogen har ein viktig funksjon som luftrensar. Tre som veks er storforbrukar av karbondioksyd (C02) på same tid som det blir frigjeve oksygen (O2). Dette er ein viktig klimafaktor fordi at ei opphoping av karbondioksyd er årsaken til drivhuseffekten på jorda.
LINKAR:
| Produktivt skogareal fordelt på bonitet |
| Høg bonitet |
11% |
| Middels bonitet |
50% |
| Låg bonitet |
39% |
Treslagsfordelinga |
| Gran |
63% |
| Furu |
23% |
| Lauv |
14% |
Her finn du Skjema som har tilknyting til det som er omtala på denne sida.
Kontakt oss: