Kommune kan hjelpe deg gjennom å gje råd, rettleiing og setje i gang hjelpetiltak, slik at den einskilde kan kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel. På tilsvarande måte skal kommunen gje råd, rettleiing og hjelp til pårørande.
Dersom dei einskilde ønskjer det, og det er behov for det, kan kommunen hjelpe med å etablere behandlingsopplegg. Dette kan blant anna innebere å vise til spesialisert rusbehandling i spesialisthelsetenesta. Alle spørsmål blir behandla konfidensielt, vi har teieplikt.
Kven kan få tenesta?
Alle som bur i Hjartdal kommune og som ønskjer hjelp til å kome ut av eit rusmiddelbruk.
Kva du kan forvente av oss?
Råd og rettleiing om korleis du kan takle kvardagen for å bli mest mogeleg uavhengig av rusmiddel.
Eit samarbeid med deg og fastlegen din om å søkje om plass på institusjon.
Oppfølging under opphald på institusjon og ettervernsamtale.
Evt. andre tiltak (Inn på tunet, kurs, samtaler, individuell plan).
Korleis få hjelp?
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om råd, rettleiing eller andre tiltak. Dersom du treng hjelp med søknaden kan du, for eksempel be nærmaste pårørande eller andre (ven, nabo…) om hjelp. For at andre kan søkje for deg, må du gje ei skriftleg fullmakt som blir vedlagt søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.
AKAN (Arbeidslivets Kompetansesenter for rus og avhengighetspolitikk)
AKAN sitt føremål er å førebyggje rusmiddelproblem i norsk arbeidsliv, og å hjelpe til at tilsette med rusmiddelproblem får hjelp. I tillegg vil AKAN gjere leiarar i stand til å tidleg gripe fatt i og ta opp risikofylt rusmiddelbruk og speleåtferd.
http://www.akan.no/publisher/publisher.asp?id=1
Kontakt:
Mona Gundersen: 35 02 80 00
NAV Hjartdal: 35 11 44 40