Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Psykisk helse

I Hjartdal kommune er psykiatritenesta ei eiga delteneste under tenesteområde Helse.

 

Leiar: Mona Gundersen
Telefon: 35 02 80 57
Mobil: 90 54 99 68
E-post:  mona.gundersen@hjartdal.kommune.no


Målet for tenesta er å gje omsorg og hjelp til menneske med ulik grad av psykiske vanskar og lidingar på ein måte som styrkjer evna til å ta i bruk eigne ressursar og auke evna til å meistre eigen livssituasjon.

Brukarar og pårørande kan kontakte tenesta direkte.

For offentlege instansar er det utarbeidd henvisningsskjema.

Mona Gundersen er spl. i psykisk helsearbeid i kommunen, og er å treffe månd-torsd kl 08-15.30.
Psykiatrisk spl., Solveig Sisjord, er tilgjengeleg kvar dag måndag - fredag.

Psykolog
Det er tilbod om psykolog hjelp i Hjartdal kommune kvar fredag. Henvisning får du frå fastlegen.

I tillegg er det mulighetar for både individuelle og gruppe samtale hos psykiatrisk sjukepleiar. Vi kan også hjelpe med koordinering av tjenestar og individuell plan.

Inn på Tunet
Dette er eit tilbod som er tilgjengeleg 2 dagar i veka, på måndag og torsdag og som tilbyr meistringsaktivitetar utan tidspress som tilpassast dagsformen til den enkelte brukar. Dette er gjennomført i små grupper, maksimum 3 stk.

Trimgruppa:
Startar siste måndagen i februar og held på ut mai.
På hausten starter ho siste måndagen i september og held på til og med fyrste måndagen i desember.
KID-kurs: dvs.  kurs i meistring av depresjon. Det haldast på hausten av lege og spl. i psykisk helsearbeid.
Deltakarar henvisast frå fastlegen.

Ring 35 02 80 57 for meir informasjon.

Publisert:
22.02.2011
Skriv ut