NAV Hjartdal - Sosial
NAV Hjartdal finnst i Sauland, mellom banken og kommunehuset. For spørsmål ta kontakt.
Arbeidsområde :
NAV Hjartdal er kombinasjonen av ”gamle” sosialtjenesta i kommunen, Aetat og Trygdeetat. NAV Hjartdal kan gje hjelp til personar som er i ein vanskeleg situasjon. Denne hjelpa vil bli gjeve i form av råd og rettleiing, økonomisk tilskot, krisehjelp, samtaler, gjeldsrådgjevning, tiltaksarbeid, støttekontakt og tilbod ved rusmiddelproblem. NAV Hjartdal og Hjartdal kommune (ved Kommunehelsetjenesten) har eit tett samarbeid.
Sosialtenesta
Sosialtenesta på NAV kan gje gratis råd og rettleiing i ein rekkje saker som:
- Økonomiske problemer .
- Gjeldsrådgjeving .
- Bustadproblem .
- Arbeidslause .
- Utdanningsspørsmål .
- Rusproblem .
- Trygdespørsmål.
Dersom ikkje NAV kan gje deg svar, kan dei vise deg til rett instans/person.
Kvalifiseringsprogrammet
Dette er for deg som:
- Ønsker å kome ut i meningsfylt arbeid/aktivitet.
- Har vore gjennom diverse hjelpetiltak, uten at dette har ført til avklaring eller arbeid.
- Har levd på sosialhjelp over lang tid eller er i fare for å kome i en slik situasjon.
- Har lyst til å endre kvardagen, men er usikker på korleis.
Det finst mange ulike løsningar gjennom Kvalifiseringsprogrammet. Meir informasjon finn du her, eller ved å ringe NAV Hjartdal.
Rus og avhengighet
Dersom du har eit problem med rus, kan du få råd og rettleiing hos NAV. Pårørande kan også ta kontakt for råd og rettleiing.
Individuell plan
Brukarar som har behov for langvarige og koordinera tenester har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Individuell plan byggjast på BRUKAREN sine ønskje, behov og mulighetar.
Link til NAV Hjartdal:
http://www.nav.no/Lokalt/Telemark/Kontakt+oss/805321116.cms
Leder: Venke S. Aasland
Telefon 35 11 44 40