Gå til innhold
MinID
Facebook
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Legetenesta

Dr. Oddmund Suhrke er ansvarleg for legetenesta. Han er også kommunen sin medisinsk faglege rådgjevar.

Tlf.: 35 02 80 50
Åpningstider: Måndag-Fredag 08.00-15.00

I tillegg til kurativ verksemd, har legane oppgåver knytt til kommunale tenestar elles,  ved Hjartdal sjukeheim, i skulehelsetenesta og helsestasjon.

Kva skal eg gjere når eg er akutt dårleg/sjuk?

Ring til eigen lege og be om hjelp 35 02 80 50 ved øyeblikkelig hjelp 35 02 80 90
Hvis ikkje legekontoret er opent, ring legevakta på telefonnummer 815 68 094
Hvis det er behov for krisehjelp: ring 113, eller dra direkte på sykehuset.

Fastlegar

Fastlegar  i Hjartdal kommune er for tida dr. Marit H Suhrke og dr. Allan Fjelmberg.
I tillegg har  kontoret ein turnus lege som har teneste eit halvt år .


Hjartdal legekontor har fellesliste. Det tyder av dei tre legane samarbeider om pasienthandsaminga.
Sjølv om alle har sin fastlege, vert pasientane fordela slik at ventetida held seg stabil. Turnuslegen arbeider med veileding  frå fastlegen.

Byte av fastlege.

Dei fleste innbyggjarane i Hjartdal er pasientar ved legekontoret, men det er mogleg å velge lege i ein annan kommune. Dersom du ønskjer å byte fastlege, kan du gjere det på www.helfo.no, eller på min id.no. Du må ha pinkodar for å kunne bytte fastlege.
Byte av fastlege kan også gjerast på telefon 810 70 050. Til det treng du fødselsnummer og namn på den nye fastlegen.
Helfo (NAV)dekkjer ikkje reisekostnader til fastlege i annan kommune.

Publisert:
18.01.2011
Skriv ut