- Forebyggjande helsearbeid
Helsefremmande arbeid tek utgangspunkt i dei faktorane som kan styrke ressursane for god helse, og det blir lagt stor vekt på medverknad og innflytelse frå brukarar og befolkninga. Ved å styrke helsa i befolkningen vil det bli skapt eit overskot som gjev mulegheiter for personleg, økonomisk og sosial utvikling og dermed auka livskvalitet.
Helsefremmande arbeidet er definert som ”prosessen som sett den enkelte, så vel som fellesskapet i stand til auka kontroll over forhold som påverkar helse, og derigjennom betre si eiga helse”. Lokalsamfunnet er viktigaste møtestaden for det helsefremmande arbeidet, men politisk arbeid på alle plan betyr kanskje mest. Det blir lagt like mykje vekt på prosessen som resultatet.
Målet for det sjukdomsforebyggande arbeidet er å forhindre og utsette sjukdom hjå friske og dei som er i risikogrupper. Dette arbeidet kan delast i to. Individuell sjukdomsforebygging, med ei klinisk tilnærming, som krev individuell diagnose (høg risiko eller forstadie til sjukdom). Arbeidsforma er ein høgrisikostrategi, som tar sikte på å identifisere og gripe inn med tiltak ovanfor dei personar som har risiko for framtidig sjukdom.
Sjukdomsforebyggande arbeidet kan også drivast på gruppe- eller befolkningsniva, ein befolkningsstrategi som rettar seg mot heile befolkninga eller definerte grupper, der det ikkje krevst individuell diagnose av risikonivå (fjerning av stoffer som kan framkalle kreft, vaksinasjon, tilsette vitaminer i matvarer osv)
Eksempel:
Osteoporose (beinskjørhet) rammar kvar 3. kvinne i alderdommen, (brudd, smerter, redusert funksjon). Ein høgrisikostrategi kan vere å gjere beinmassemålingar av middelaldrande kvinner for å finne dei som har størst tap av beinsubstansen. Desse blir informert om risikoen og kan få opplysning om kva dei kan gjere sjølve for å forebygge, evt få forebyggande medikamentell behandling. I ein befolkningsstrategi vil alle kvinner være målgruppe for helseopplysning om tilstanden og mulighetene for forebygging.
|
Det helsefremmande og det forebyggande folkehelsearbeidet utfyller kvarandre og begrepet forebyggande helsearbeid kan femne om begge tilnærmingane.
Det helsefremmande arbeidet krev andre ferdigheiter og tilnærmingsmåtar enn det sjukdomsforebyggande, og er eit tverrfagleg og sektorovergripande tilnærming til helse, som bryt radikalt med medisinsk dominans og tradisjon.