Friskliv og folkehelse - individ og samfunn
Med folkehelsesatsing meiner vi alle dei område som påverkar folks levekår innan områda:
- Buforhold
- Økonomisk tryggleik
- Arbeidsmulegheiter
- Skule og utdanning
- Psykisk helse
- Livsstil
- Sosialt liv
- Tilsyn og hjelp pga alder og helsesvikt
- Ytre miljø/sikkerhetsrisiki
Folkehelsearbeid handlar om å finne gode heilheitlege grep for å styrke den totale innsatsen for å oppretthalde, betre og fremme det som bidreg til god helse, og svekke det som medfører helserisiko.
Fokus er på tiltak som kan fremme helse, trivsel og mestringsevne. Ved å forebygge meir kan vi reparere mindre. Målet er betre helse, trivsel og levekår for alle i Hjartdal. Samarbeid og felles forståing på tvers av fag og ansvarsområde er viktig, og at kvar enkelt tek ansvar for å innrette livet sitt på ein måte som gagnar eiga og andres helse.
Frisklivskoordinatorstillinga i Hjartdal er både individretta, gjennom miljøarbeid, samtidig som stillinga inneber overordna koordinering av folkehelsearbeidet i kommunen. Stillinga er administrativt knytt til helsetenestene, delvis heimetenestene, med avdelingsleiar Sissel Brenna, som næraste overordna når det gjeld miljøarbeid, og helse- og sosialsjef Margit Karlsen Rinde når det gjeld folkehelse. Samarbeidspartnarar er teneste for psykisk helse, nav, skule og barnehage, kultur, helsesøstertenesta og miljøretta helsevern, for å nemne nokre.
Frisklivskoordinatoren skal arbeide tverretatleg for å samordne innsatsen på folkehelseområdet og samarbeide nært med frivillige lag og organisasjonar.
Frivilligsentralen vil vere ein sentral samarbeidspartner ut mot det frivillige Hjartdal.
Kontakt:
Frisklivskoordinator: Torunn Hovde Kaasa,
Telefon: 993 66 077,
E-post: torunn.hovde.kaasa@hjartdal.kommune.no
Folkehelsearbeidet er ein viktig del av Samhandlingsreforma, og er forankra i
Lov om folkehelsearbeid (Folkehelselova), Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011- 2015 og Lov om kommunal helse- og omsorgstenester
Les meit her:
http://www.helsedirektoratet.no/samhandling/