Servicekontor og arkiv
”Spør oss og du får svar!”
"Hjartdal kommune sitt Servicekontor skal vere eit kontaktpunkt for innbyggjarar, tilreisande og andre som har behov for informasjon om eller hjelp til å få utført kommunale tenester"
"Servicekontoret skal fungere som eit kontaktpunkt på vegne av den samla kommuneadministrasjonen på eit høgast mogeleg servicenivå til beste for eksterne og interne brukarar"
På servicekontoret på kommunehuset møter du: Ingebjørg Landsverk, Ingrid Sletta Olsen, Anne Haugan
Kva kan du forvente av oss?
Vi utfører:
- daglege arbeidsoppgåver knytt til politisk aktivitet, lønn, personal, økonomi, kommunale avgifter, administrasjon, arkiv, innkjøp, teknisk drift, kart, byggesaker, skule og barnehhage.
- informasjonsteneste for alle på kommunehuset eksternt og internt
- fyrsteteneste/bindeleddet mellom uteverden og innomhus
- koordinator for div. sosiale/etiske tilhøve internt i kommunen
- avlastar andre einingar med oppgåver
- hjelper publikum via telefon og personleg kontakt
- alt innan skjemainformasjon og utdeling av desse
- alt innan arkiv teneste og post
Spør oss - kan ikkje vi svare, veit vi kven som kan!!
Du når oss på tlf. 35 02 80 00, faksnr. 35 02 80 01 eller e-post:
postmottak@hjartdal.kommune.no
Arkiv
IKA Kongsberg er eit interkommunalt selskap som Hjartdal kommune er medeigar i. Hovudoppgåva er å bistå eigarane i arkivfaglige spørsmål, samt å formidle historisk kildemateriale frå kommunenes arkiv. Mange av eigarane våre har deponert arkiv som er ute av administrativ bruk hos oss. Kommunale arkiv er viktige kilder til kunnskap om blant annet lokalhistorie og slektsforskning. Dette er interessant materiale for kommunenes historieinteresserte innbyggjarar. Dei ønskjer derfor at ikke bare eigarane, men også kommunenes innbyggjare skal få kjennskap til dei.
På denne lenka finn du meir informasjon om IKA.