Hjartdal kommune
Framside / 

Ordføraren har klipt snora

Sauland Barnehage har sidan 4. januar vore i drift i nye lokaler. Etter oppstart og innkjøring var det offisiell opning av det nye flotte anlegget 19. Februar.

Alle gjestene og barna blei ønska velkomen av kommunalsjef Bjørn Rugaas og det var ordførar Olav Tho som klipte snora ute ved hovudinngangen.
Alle barnehagebarna sang og dansa for gjestene.

Etter den offisielle opninga blei alle invitert inn i det flotte barnehagebygget. Der var det innslag av barna og det var høve til å kome med gratulasjonar.

Sjå bilete frå opninga her.  

Sjå film fra Varden

Tilrår de å ta ein tur innom entreprenøren si heimeside også for å sjå meir om prosjektet:

www.atilaa-as.no

Sist oppdatert 03.03.2010