Hjartdal kommune
Framside / 

Strategisk næringsplan ute til høyring

Strategisk næringsplan 2010 - 2015 og Handlingsplan 2010 - 2011 - rullering

Det sendast med dette ut framlegg til plan for næringsutvikling i Hjartdal kommune. Planframlegget er utarbeidd av næringsteamet i Hjartdal kommune. Det er arrangert bygdemøter i januar 2010, der vi har orientert om den langsiktige plandelen, og har bede om innspel til den kortsiktige handlingsplandelen. Det er ønskjeleg at planframlegget blir vedteke av kommunestyret i mai månad.

Før kommunestyrehandsaming vil planframlegget bli lagt fram politiske utval i løpet av april/mai.

Vi bed med dette aktuelle partar - einskildpersonar, næringsdrivande og organisasjonar i kommunen - om innspel og kommentarar til planframlegget.

Vi bed om at alle innspel eller kommentarar oversendast skriftleg. De kan nytte kommunen si adresse postmottak@hjartdal.kommune.no om de vil bruke e-post.

Frist for innspel er fredag 26. mars

Planen del 1 finn du på denne lenka.

Planen del 2 finn du på denne lenka.

Sist oppdatert 09.03.2010