Rekrutterer innbyggjarar i Nederland
22.-23. Januar reiser representantar frå Hjartdal kommune til Nederland for å delta på Skandinaviske dagar som er ei stor messe der hovudmålet er å rekruttere fleire nye innbyggjarar til kommunen. Hjartdal kommune ønskjer å snu nedgangen i folketalet og samarbeidar med Placement AS, som jobbar med tilflytningsprosjekt i mange kommunar og regionar i Noreg.
Skandinaviske Dagar 2010
Dette er ei messe som blir arrangert kvart år. I 2009 kom meir enn 2.300 personar til messa, både frå Nederland, Belgia og Tyskland. Mange av desse har tenkt lenge på å flytte til Skandinavia, og på messa kjem dei i kontakt med representantar frå mange kommunar.
Dei som reiser frå Hjartdal er:
Jan Sebjørnsen, Rådmann
Helge Granlund, Økonomisjef
Bjørn Rugaas, Kommunalsjef Kultur og oppvokster
Kristin Wåle, Organisasjonssjef
Ein stad å bu
Dersom du har bustad som kan leigast ut eller som du ønskjer å selje er vi i kommunen interessert i å komme i kontakt med deg. På den måten kan vi vere med på å få lagt til rette for tilflytting og vidareformidle informasjon. Har du eller verksemda di behov for spesialistar eller personar med spesielle kunnskapar eller erfaringar? Meld frå til oss så bruker vi også dette høvet til å finne rett person.
" Vi oppmodar alle som har bustad til leige eller som har behov for kompetanse av ulike slag til å ta kontakt med oss slik at vi kjenner til dette før vi reiser til Nederland", seier rådmann Jan Sebjørnsen." Det er mykje lettare for interesserte nederlendarar å ta valet dersom dei veit om kva bustader og jobb moglegheiter som finst i området. Dess meir konkret vi kan vere, dess betre.”
Kontaktperson;
Rådmann Jan Sebjørnsen, tlf. 3502 8000, 90 82 75 43 eller på e-post
Sjå www.placement.no for meir informasjon
Sist oppdatert 20.01.2010