Hjartdal kommune
Framside / 

MØTEINVITASJON - NÆRINGSPLAN FOR HJARTDAL KOMMUNE

Næringsteamet inviterar næringsdrivande, næringslag og andre interesserte til drøftingsmøte om næringsutvikling i samband med rullering av strategisk næringsplan

Hjartdal kommune arbeider med å rullere strategisk næringsplan , eit plandokument som har som hovudoppgåve å klargjere og formidle kommunen si rolle og prioriteringar når det gjeld næringsutvikling, både primærnæringar og annan næringsverksemd.

I dette arbeidet ønskjer vi dialog mellom oss som arbeider med dette i kommunen og innbyggjarar som er opptekne av desse spørsmåla, anten du er næringsdrivande eller ikkje.

Næringsteamet er sett saman av fire personar, landbruksrådgjevar Bjørg Nes, skogbrukssjef Harald Helliksen, økonomisjef Helge Granlund og kommunalsjef Bjørn Rugaas. Sistnemnde er koordinator.

 

Næringsteamet inviterar til drøftingsmøte om næringsutvikling på følgjande stader:

Tuddal, Røde Kors-huset, måndag 25. Januar kl. 19.00 – 21.00

Sauland, Kommunestyresalen, tysdag 26. Januar kl. 19.00 – 21.00

Hjartdal, Nordbø Pensjonat, onsdag 27. Januar kl. 19.00 – 21.00

 

Program:

Utkast til strategisk næringsplan, temainndeling, rolleavklaringar, støtteapparat m.m. v. næringsteamet

Salen i arbeid – innspel til handlingsplan

Midtvegs blir det lett servering

 

Vi ønskjer alle interesserte vel møtt!

Med helsing Næringsteamet i Hjartdal kommune.

Sist oppdatert 29.01.2010