Hjartdal kommune
Framside / Anna / Informasjon om svineinfluensa

Vaksinering av risikogrupper i Hjartdal kommune

I veke 45 startar vaksinering i Hjartdal kommune mot svineinfluensa. Dei som får tilbod om vaksine nå (risikogrupper og helsepersonell) kan møte opp på legekontoret i Sauland, tysdag 3.11 og tysdag 10.11 mellom kl 15.30 og 18.00.

Vaksinasjon er det beste vern mot ny influensa A(H1N1), også kalt svineinfluensa. Helsestyresmaktene tilrår risikogrupper å vaksinere seg for å hindre alvorleg sjukdom og død. For dei fleste som smittas vil influensaen vere mild, men nokon blir alvorleg sjuke. Helsestyresmaktene tilrår vaksinering for å hindre at du blir sjuk av influensa og for å hindre komplikasjonar og død. Ved at du er vaksinera, bidreg du i tillegg til at du ikkje smitter familiemedlemer og andre nære kontaktar. All vaksinasjon i Noreg er friviljug.

Risikogrupper og helsepersonell først
Særlig utsett for komplikasjonar er gravide og personar med kronisk luftvegssjukdom,
kronisk hjarte og karsjukdom, nedsett forsvar mot infeksjonar, diabetes type 1 eller 2, kronisk nyresvikt eller leversvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, samt personar med svært alvorlig overvekt.

I tillegg er helsepersonell prioritert i vaksinekøen for å beskytte pasientane og seg sjølv mot smitte.

Tryggleik og biverknader
Det er en langt større risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensa, enn for moglege skadeverknader av vaksina. Pandemivaksina som skal brukas i Noreg heiter Pandemrix. Den er framstilt på tradisjonell måte, ved virusdyrkning på egg. Vaksina er basert på deler av det nye influensaviruset A(H1N1) og inneheld ikkje levande virus. Den kan derfor ikkje gje influensasjukdom.

Pandemrix er godkjend i heile Europa, og av norske legemiddelmyndigheter. Alle legemidlar kan gje biverknader, også vaksiner. Pandemrix kan gje noko kraftigare reaksjon med smerter, ømhet og hevelse på injeksjonsstaden, enn vanleg vaksine mot sesonginfluensa. Andre vanlege biverknader er at ein kan få hovudverk, bli trøtt og få feber. Sidan vaksina er dyrka på egg, må det utvisast varsemd hjå personar med alvorleg eggallergi.

Eventuelle sjeldne biverknader kan berre oppdagas ved alminneleg bruk av vaksina i store befolkningsgrupper, og eit omfattande system for å fange opp dette er derfor etablert nasjonalt og internasjonalt.

Vaksinering i Hjartdal kommune
Dei som får tilbod om vaksine nå (risikogrupper og helsepersonell) kan møte opp på legekontoret i Sauland, tysdag 3.11 og tysdag 10.11 mellom kl 15.30 og 18.00. Du må ta med fødselsnummer (11 siffer) når du møter opp til vaksinasjon. Etter vaksinering må du vente 20 min i lokalet for observasjon. Eigenbetalinga kr. 100.-  inngår ikkje i frikortordninga (blåreseptordninga og eigenandelstak 1).

Meir informasjon
Mer informasjon om pandemivaksinering generelt fins på nettstaden www.pandemi.no. Du kan også ringe helsestyresmaktenes pandemitelefon 815 55 015 eller kontakte helsepersonell i kommunen din som har ansvar for vaksinasjon, tlf. 35028050.

Sist oppdatert 11.11.2009