Hjartdal kommune
Framside / Anna / Informasjon om svineinfluensa

Nye tidspunkt for vaksinasjon

Vaksinasjon er det mest effektive tiltaket for å verne seg mot pandemisk influensa (svineinfluensa). For dei fleste vil influensaen vere mild, men somme blir likevel alvorleg sjuke. No er det barn og gruppa "nærfamilie til barn under 6 månader og gravide i fyrste trimester" som blir prioriterte.

 

 Tidspunkt

Målgruppe

Tysdag 1. desember

Sauland skule 5. - 10. klasse

Tidspunkt er har avtalt med lærarane. Vaksinasjonen vil vere på skulen.

Torsdag 3. desember


Barn 6 mnd - 4. klasse

1- 4 klasse på Sauland skule, familiemedlemmer av barn under 6 mnd og familiemedlemer av gravide under 12. veke. 

Kl. 08:30 - 11:30  og
Kl. 13:00 - 16:00 på helsestasjonen i Sauland.

Tysdag 8. desember


Tuddal barnehage og Tuddal skule


Kl. 11:30 - ca. kl.14:00

Onsdag 9. desember


Hjartdal barnehage og Hjartdal skule

Kyrkjekrinsen kl. 09:00-10:30
Gvammen kl. 11-12

Barn frå Hjartdal og Tuddal kan også møte på helsestasjon torsdag 3. desember dersom ønskjeleg.

Dei som blir vaksinerte, må ta med fødselsnummer (11 siffer) når dei møter opp til vaksinasjon. Vaksineringa blir registrert på fødselsnummer. Etter vaksinering må dei vente 20 min i lokalet for observasjon. Det kostar 100 kroner i eigenbetaling å få sett vaksinen. Dette gjeld både barn og vaksne. Vi tek berre kontant betaling. Ta med akkurat så vi slepp å bruke tid på å veksle. Eigenbetalinga inngår ikkje i frikortordninga Eigenbetalinga kr. 100.- inngår ikkje i frikortordninga (blåreseptordninga og eigenandelstak 1).

Meir informasjon
Mer informasjon om pandemivaksinering generelt fins på nettstaden www.pandemi.no. Du kan også ringe helsestyresmaktenes pandemitelefon 815 55 015 eller kontakte helsepersonell i kommunen din som har ansvar for vaksinasjon, tlf. 35028050.

Vidare vaksinedagar og organisering er usikker og avhengig av vaksinetilgangen

Sist oppdatert 30.11.2009