Nye tilrådingar for fråvær pga. svineinfluensa
No treng du berre vere heime 24 timar etter symptomfridom dersom du mistenkjer at du har hatt svineinfluensa!
7 dagar gjeld framleis for helsepersonell
Til no har Folkehelseinstituttet tilrått at personar med influensa skal halde seg heime i 7 dagar etter at dei blir sjuke. Dei har no gjort ei ny vurdering av dette no som store deler av risikogruppene er vaksinert.
Dei nye tilrådingane er derfor at:
- Personar med influensa kan gjenoppta arbeid/skule/barnehage tidlegast 24 timar etter at dei er symptomfrie.
- For helsepersonell gjeld framleis tilrådinga om å halde seg heime i 7 dagar etter at dei blei sjuke
For nærmare informasjon om svineinfluensa sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider eller pandemi.no
Sist oppdatert 30.11.2009