Informasjon om svineinfluensa
Ved mistanke om smitte med influensa A(H1N1), svineinfluensa, må ein ikkje møta opp direkte på legekontoret i Sauland.
Ein skal ta kontakt med Hjartdal Legekontor på telefon 35 02 80 50 for nærmare avtale om møtestad og møtetidspunkt. Dette er for å begrensa smitteoverføring i størst mogleg grad.
Korleis veit du om du er smitta?
Det er tre kriterium som må vera til stades for at influensa skal vera sannsynleg:
1. Kontakt med andre som har sjukdomen eller reise i område med høg sjukdomsaktivitet
2. Akutt innsetjande feber (temp. > 38 gradar)
3. Luftvegssymptom (tørrhoste, sår hals eller tung pust)
4. Allmennsymptom (sjukdomskjensle, hovudpine eller muskel-/leddsmerter)
Risikogrupper:
Desse har større risiko for å bli alvorleg sjuke av H1N1-influensa:
- Gravide
- Pasientar med kronisk lunge- eller hjartesjukdom (t.d astma, KOLS og hjartesvikt)
- Pasientar med kronisk nyre- eller leversvikt
- Diabetespasientar
- Nedsett infeksjonsforsvar
- Alvorleg nevrologisk sjukdom
- Ekstrem fedme
For nærmare informasjon om svineinfluensa sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider: www.fhi.no eller www.pandemi.no
Pandemiplan Hjartdal Kommune
Hovedpunkter i smittevern
Råd til tilsette
Sist oppdatert 20.01.2010
07.12.2009
Vi tilbyr no vaksinasjon mot svineinfluensa til alle innebyggjarar i Hjartdal kommune. Ein vaksinasjonskveld er under planlegging.
Dersom ein ønskjer vaksinering før dette, berre ta kontakt med Helsesenteret i Hjartdal på tlf. 35 02 80 50.
30.11.2009
Vaksinasjon er det mest effektive tiltaket for å verne seg mot pandemisk influensa (svineinfluensa). For dei fleste vil influensaen vere mild, men somme blir likevel alvorleg sjuke.
No er det barn og gruppa "nærfamilie til barn under 6 månader og gravide i fyrste trimester" som blir prioriterte.
30.11.2009
No treng du berre vere heime 24 timar etter symptomfridom dersom du mistenkjer at du har hatt svineinfluensa!
7 dagar gjeld framleis for helsepersonell
11.11.2009
Vi er no tomme for vaksine, men vi ventar ei ny sending. Vi vil då ta i mot og prioritere friske barn i alderen 6 månader - 18 år i fyrste omgang. Når vi veit vi får ein ny sending av vaksine, vil vi informere om dette, i tillegg til når vi planlegg neste vaksinasjonskveld.